XO Rekneskap AS

- Din samarbeidspartnar innan rekneskap og økonomi  

XO Rekneskap AS - Rekneskapsførar i Ørsta

Om oss

XO Rekneskap AS er eit rekneskapsførarselskap som held til i Ørsta på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innanfor rekneskap, både til små og mellomstore selskap.

Våre medarbeidarar er kompetente og har lang og relevant erfaring. Vi held oss oppdaterte innan rekneskapsfaget, slik at kundane våre kan føle seg trygge på arbeidet vi utfører. Det kan vere tidskrevjande å ha full oversikt over lover, reglar og halde tidsfristar innanfor blant anna løn, mva, rekneskap og likning. Det kan difor løne seg å setje bort oppgåvene til nokon som har full oversikt. Ta kontakt for ein uforpliktande prat og vi vil nok kunne tilby ei skreddarsydd løysing for deg.

Rekneskapstenester:

LØNSKØYRING

Eit selskap har mange viktige områder, eit av dei er å sørgje for at dei tilsette får løn til riktig tidspunkt. Då det stadig er endringar i satsar, rapportering og oppgåveplikt i tillegg til nye krav, gjer dette lønskøyringa omfattande. XO Rekneskap AS tilbyr skreddarsydde løysingar!

FAKTURERING

Mange opplever i dag at dei interne rutinane ved fakturering kan være ineffektive og tidkrevjande. Då kan løysinga vere at XO Rekneskap AS bistår med faktureringa. Vi har integrert faktureringsmodul i rekneskapsprogrammet vårt, som kan gjere at kunden sparer både tid og pengar.

RÅDGJEVNING

XO Rekneskap AS bistår kundane med rådgjeving innanfor skatt, avgift og rekneskap. Med mange års erfaring og kunnskap innan fagfeltet, har XO Rekneskap AS ein unik posisjon i marknaden. Våre tilsette møter kunden med eit genuint ønske om at han skal lukkast og oppnå auka effektivitet.

BOKFØRING

Bokføring er registrering av rekneskapsopplysningar i eit regnskapssystem. Alle bilag skal registrerast på en måte slik at dei seinare ikkje kan redigerast. Grunnen til at dette er at det ikkje skal kunne bli gjort endringar på rekneskapstala etter at rapporten er levert vidare til myndigheit eller styret. Bokføringa skal utførast i tråd med rekneskapslova og bokføringsforskrifta.

LIKNINGSPAPIR OG ÅRSREKNESKAP

 Årsrekneskapen gir oversikt og formidlar nyttig informasjon om rekneskapsperioden sine økonomiske hendingar og gjer greie for verksemda sin situasjon. Brukaren av informasjonen skal kunne fatte gode slutningar basert på denne rekneskapen. Likningspapir er ei fellesnemning på sjølvmeldinga med vedlegg som årleg skal sendast inn til Skatteetaten innan 31.mai. Desse papira dannar grunnlaget for skattlegginga av selskapet.  

Besøk oss på facebook

Brønnøysund
Brønnøysund

Brønnøysund

Altinn
Altinn

Altinn

Skatteetaten
Skatteetaten

Skatteetaten

Kontakt oss

70 04 59 00971 77 259
Ivar Aasen-gata 10, 6150 ØRSTA
Orgnr 997 830 679